I spalta vår Rådgiverpraten ønsker vi å få eit innblikk i arbeidskvardagen til NKDBs rådgjevarar. Det kan handle om stort og smått. Kva dei er opptatt med for tida, kva kvalitetar ein bør ha som rådgjevar i døvblindefeltet og om dei har opplevd noko artig i jobben sin?

Halkjelsvik er rådgjevar ved Statped, faglig enhet for kombinerte syns- og hørseltap og døvblindhet i Bergen. Hun jobbar hovudsakleg med personar med erverva døvblindheit, og er for tida spesielt opptatt med eldrenettverket i tenesta. 

- Vi skal føre over innhald frå sansetap.no/eldre til dovblindhet.no, og det er eit stort arbeid. Vidare er eg og ein kollega godt i gang med å planlegge fokusgruppeintervju i prosjektet «Taktile overgangar i ein livsomstillingsprosess», det er eit spanande prosjekt eg gler meg til å halde fram med. Sverige, England og Nederland er også med i prosjektet, og det er veldig kjekt å samarbeide med kollegaer frå andre land.

- Korleis har arbeidsdagen din vorte påverka av koronapandemien?

- Det har vore vanskeleg å ha den nære, gode kontakten med dei eg er kontaktperson for, men med litt kreativitet har vi likevel fått det til på eit vis. Samstundes er det tungt å sjå isolasjonen truge endå meir enn før, så mykje handlar om å stå i det saman med kvarandre. Kollegaene mine og eg har blitt knallgode på å planlegge for så å avlyse, noko som sjølvsagt er frustrerande, men det er slik pandemikvardagen er.

- Mykje heimekontor?

- Ja og mykje skjermtid med digitale møter. I periodar har eg delt heimekontoret med mann og tre born, noko som er både triveleg og slitsamt.

- Det vil eg tru, kva kvalitetar vil du seie er viktig for ein rådgjevar innan døvblindefeltet?

- Ein kjem langt med å vere fleksibel, open, interessert i og nysgjerrig på andre menneske.

- Skjønar, men korleis taklar du motstand?

- Det er viktig å ha eit godt lag i ryggen, og ikkje minst ei god leiing som veit å ta vare på dei tilsette. Har eg det, kan eg takle det meste på ein god måte.

- Viss du får velje, føretrekkjer du varm lunsj eller matpakke?

- Det beste med heimekontor er at eg kan lage meg varm lunsj kvar dag, så det er eit lett val. Varm lunsj!

- Kven er førebiletet ditt i jobbsamanheng og kvifor?

- Eg kan ikkje velje mellom dei dyktige kollegane mine. Alle har sine kvalitetar som passar inn i det fine puslespelet som er avdelinga vår.

- Kva er det artigaste eller raraste du har opplevd i jobben?

- Ai ai, her kjem det mange minner eg ikkje kan dele offentleg! Men morosamt, det har eg det kvar dag eg får snakke med kollegane mine. Heldigvis har vi gif-ar vi kan sende til kvarandre på Teams no når vi ikkje kan stikke hovudet inn på kontoret og fortelje noko artig.

- Kva appar klarer du deg ikkje utan på jobb?

- Teams, notatar og Outlook. Kanskje ikkje så spanande, men nyttig!

Portrettbilde av kvinne ut på tur på fjellet.

Fakta om Ane Marte Espevoll Halkjelsvik

  • Rådgivar ved Statped, faglig enhet for kombinerte syns- og hørseltap og døvblindhet i Bergen siden 2014
  • Studerer master i meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda på deltid
  • Bachelor i lingvistikk frå Universitetet i Bergen og utdanna teiknspråktolk ved Høgskulen i Bergen
  • Ble med i eit prosjekt rundt tolking for personar med medfødd døvblindheit som tolkestudent
  • Skreiv bacheloroppgåva om døvblindheit
  • Har jobba som frilanstolk, og nokre år som tolk ved Nordahl Grieg vidaregåande (knutepunktskule)

«Ein kjem langt med å vere fleksibel, open, interessert i og nysgjerrig på andre menneske.»